Regulering av seifisket i sør i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2011. Norske fartøy kan i 2011 fiske 48 596 tonn sei, noko som er ein nedgang på 4196 tonn frå 2010.

Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 5689 tonn. Av gruppekvoten til pelagisk trål og nordsjøtrål er det sett av 1500 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 21 788 tonn, medan seitrålarane kan fiske 5671 tonn sei i 2011.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1400 tonn av gruppekvoten.

Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 980 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 700 tonn. Seitrålarane har ein maksimalkvote på 700 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1,0.

Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska 400 tonn sei eller meir i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2011. Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska mindre enn 400 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn i 2010.

Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får ein maksimalkvote på 200 tonn i 2011. Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 325 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2011.

Maksimalkvotane skal også dekkje bifangst av sei i fartøya sitt pelagiske trålfiske.

Kontaktpersonar:

Johán H. Williams 22 24 64 40
Sverre Johansen 22 24 64 47