Regulering av fisket etter pigghå, håbrann og brugde i 2011

– Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av pigghå, håbrann og brugde i 2011. Forbodet gjeld også fritidsfiske. – Den svært alvorlege situasjonen for bestanden gjer dessverre at unntaket frå forbodet mot fiske etter pigghå ikkje kan førast vidare, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

– Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har vore svært klar i rådgjevinga – situasjonen for pigghå vert ikkje betre, og det bør vere forbod mot å drive direktefiske på bestanden. Allereie for eit år sidan varsla vi om at det var naudsynt med klare innstrammingar i pigghåfisket. Fisket vart avgrensa til å gjelde fartøy under 15 meter i 2010, som ledd i ei slik nedtrapping. Vi har ikkje fått signal om betring i situasjonen som gjer det forsvarleg å halde fram med eit slikt unntak, seier Ulriksen vidare.

Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har i fleire år hatt eit forbod mot fiske etter pigghå i internasjonalt farvatn. I 2011 vil dette forbodet også gjelde brugde og håbrann. Det ligg ei klar forventning om at medlemslanda følgjer opp med samsvarande reguleringar i eigne soner.

– I den norske raudlista 2010 er pigghå ein av artane som er lista som kritisk trua i norsk område, og denne vurderinga er godt forankra i havforskingsmiljøa. Brugde er på den norske raudlista vurdert som sterkt trua og håbrand er vurdert som sårbar. Forvaltning av haiartar har stor merksemd internasjonalt, og det er viktig at også Noreg følgjer opp med sterke nok tiltak når det er heilt naudsynt for at bestanden skal få ein sjanse til å kunne ta seg opp att, avsluttar Vidar Ulriksen.

For å følge utviklinga av bestanden arbeider Fiskeridirektoratet med eit opplegg for overvakingsfiske etter pigghå, med deltaking frå næringa. Dette vil bli kunngjort på nyåret.

Nytt i 2011 er også at landingspåbodet for brugde og håbrann vert oppheva, for å sikre rapportering av all fangst. Departementet legg opp til ein streng rapporteringspraksis for haiartar, slik at bifangstatistikken vert så korrekt som mogleg.

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47