Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til eit ope seminar med temaet Noreg – verdas fremste sjømatnasjon, 19. august kl.11.00-14.00 på messeområdet til Nor-Fishing-messa – hall H.
Eg håpar at mange har lyst til å komme for å få inspirasjon og for å delta i debatten om kva som må til for at Noreg skal bli verdas fremste sjømatnasjon, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
For å inspirere til debatt har vi invitert fleire spennande foredragshaldarar:
Tromsøs fotballtrenar Per- Mathias Høgmo vil gi råd om korleis ein kan utvikle ein vinnarkultur
Konsernsjef Liv Monica Stubholdt frå Aker Seafood vil snakke om framtidsperspektiv for sjømatindustrien.
Professorane Torger Reve og Frank Asche presenterer ny forsking om globale næringsklynger og kunnskapsstrukturen i norsk sjømatindustri.
Forskar Audun Iversen vil presentere ein rykande fersk innovasjonsanalyse av fiskeindustrien.
Politikarar frå næringskomiteen i Stortinget vil delta i den etterfølgjande paneldebatten.