Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011. Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild minkar frå 904 630 tonn i 2010 til 602 680 tonn i 2011. Av den norske totalkvoten er det avsett eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking- og undervisningskvotar og 900 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. For dei 15 000 tonna sild som blir overførd til Russland får ringnot- og trålgruppa tilbake 48 000 tonn lodde. Kvotebytet vil såleis ikkje gjelde kystgruppa. Det er sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe. Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystgruppa får ein maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2011. Den norske kvoten er fordelt med 289 814 tonn til ringnotgruppa, 57 446 tonn til trålgruppa og 234 937 tonn til kystgruppa. Kystgruppa vil få fråtrekk på gruppekvoten for det kvantum som er overfiska i 2010 etter ordninga med kvotefleksibilitet. Kystgruppa vert delt inn i to lengdegrupper; fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over. Gruppekvotane blir fastsette ut frå mengda kvotefaktorar tilhøyrande fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011

Regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2011

  • Post category:Nyheder

Gjeldande regelverk for både breiflabb- og kveitefisket vert vidareførte. Det er forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 64I0;N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62 og 64I0;N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai. Det også forbode å fiske etter kveite med annan reiskap enn krok nord for 62I0;N i perioden frå og med 20. desember til og med 31. mars. Reglane i utøvingsforskrifta om maskestørrelse i breiflabbgarn, og om maskestørrelse og trådtype i kveitegarn, vert vidareførte. Tilsvarande vert kravet om at breiflabbgarn skal røktast minst kvar tredje dag vidareført. Det er forbode å drive direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad. Maksimal bifangst av breiflabb tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad er 20 %. For fiske med reketrål er det tillete å ha maksimalt 10 % bifangst av breiflabb, og ved fiske med annan småmaska trål kan fartøyet ha inntil 0,5 % innblanding av breiflabb (i vekt i dei enkelte fangstar og ved landing) – avgrensa til maksimalt 500 kg per tur. For breiflabb er det behov for ei betre oversikt over bestandsstruktur og haustingsmønster. Bestanden ser mellom anna ut til å ha fått ei meir nordleg utbreiing dei siste åra. Departementet vil derfor i 2011 innhente ei oversikt over kunnskapsstatus for breiflabb, og vurdere om det er behov for å styrkje kunnskapsgrunnlaget. Dette arbeidet vil gi eit betre grunnlag for å vurdere ulike reguleringstiltak, mellom anna om gjeldande reglar om bifangst av breiflabb bør endrast. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2011

Kvote for fangst av vågekval i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for vågekval-fangsten i 2011. Kvoten er den same som for 2010. Det vil i 2011 vere fri fangst i alle fangstområda, bortsett frå i havområda ved Svalbard, der delkvoten er sett til 65 dyr. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) legg til grunn skal gi fullgod sikkerheit for berekraftig fangst av vågekvalbestanden. Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99

Fortsæt med at læseKvote for fangst av vågekval i 2011

Regulering av fisket etter reker i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2011. Den norske totalkvoten av reker er sett til 7452 tonn, med 3570 tonn i Nordsjøen og 3882 tonn i Skagerrak. Dette er ein reduksjon på 15 % frå 2010. Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførte i 2011. Eit unntak er at maksimalkvotane vert reduserte med 15 % som følgje av lågare norsk kvote enn i 2010. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 % av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 % av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 40 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei to neste periodane. Vidare vert turkvoteordninga på 6 tonn per tur oppheva. Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska. Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2010. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter reker i 2011

Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011. Den norske totalkvoten er på 5111 tonn torsk i Nordsjøen og 139 tonn i Skagerrak. Kvoten er i tråd med den vedtekne forvaltningsplanen. Bestandssituasjonen er framleis vanskeleg for torsk i Nordsjøen og det er også i 2011 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette medfører at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske vert framleis regulert med bifangstreglar. Bifangstavsetjinga til trålarane er fastsett til 1500 tonn. Reguleringa medfører at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2804 tonn i 2011. Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2011. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 50 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 100 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 200 tonn. Differensierte garanterte kvotar vert sett til høvesvis 5, 10 og 20 tonn. I open gruppe fartøy under 10 meter fiske inntil 5 tonn, fartøy mellom 10 og 21 meter kan fiske inntil 10 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 15 tonn. Garanterte kvotar vert sett til 4 tonn for alle gruppene. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011

Regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011. I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2011 tidlegare i haust fastsett til 380 000 tonn. Etter overføring av 48 000 tonn lodde frå den russiske kvoten, i byte mot norsk vårgytande sild, er den norske kvoten på totalt 275 000 tonn. Den opphavlege norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 % til fartøya i ringnotgruppa, 12 % til fartøya i trålgruppa og 16 % til kystfartøya, medan bytekvantumet mellom Noreg og Russland er handtert på gruppenivå for ringnot- og trålgruppa. Dette gir 199 613 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 34 867 tonn til fartøya i trålgruppa og 35 520 tonn til kystfartøygruppa. Loddefisket vert opna 20. januar 2011, ettersom det då er sannsynleg at den vaksne lodda har skilt seg frå umoden lodde. Området innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinja vert stengt for loddefiske, men vil verte opna dersom ein vurderer det som forsvarleg. Fiskeridirektoratet region Troms kan gi dispensasjon for å fiske i stengt område, mot at fartøya har inspektørar om bord som kan kontrollere mellom anna bifangst i fisket. Det gjeld ikkje lenger noka turkvoteavgrensing i loddefisket. Det vert opna for at også fartøy i trålgruppa, på same måte som andre fartøy, på visse vilkår kan overføre fangst mellom fartøy på feltet. Dette for å unngå neddreping når det vert tatt store fangstar. Elles vert fisket gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2010. Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan 13. januar 2011. Det vert ikkje innført noka påmeldingsavgift for å delta i loddefisket i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet tek likevel sikte på å etablere ei ordning for å kunne krevje påmeldingsavgift, i form av eit depositum, i fiskeri kor det vert fleire påmelde fartøy enn dei som faktisk deltar. Dette for å få ei påliteleg oversikt over kor mange som skal delta, slik at dei enkelte fartøya kan tildelast meir garanterte kvotar med låg overregulering. Ei slik ordning vil bli vurdert i løpet av 2011, med sikte på eventuell innføring frå 2012. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011

Regulering av fisket etter kolmule i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2011. Den norske totalkvoten er på 22 731 tonn. Det er sett av eit kvantum på 2000 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og 1000 tonn kolmule til dekning av bifangst i andre fiskeri før fordelinga på fartøygruppene. Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 6289 tonn kolmule. Heile dette kvantumet kan fiskast i EU-sona. For fartøy med kolmuletrålløyve blir deltakinga i fisket etter kolmule i 2011 avgjort etter kunngjering og skriftleg påmelding til Fiskeridirektoratet. For å sikre eit lønnsamt fiske kan Fiskeridirektoratet på grunnlag av påmeldingane avgjere deltakinga ved loddtrekking. Fartøy som får delta i fisket etter kolmule i 2011 vil ikkje kunne delta i ei eventuell loddtrekking om deltaking i fisket etter kolmule i 2012. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan fiske og lande inntil 12 743 tonn kolmule. 298 tonn av dette kan fiskast i EU-sona. Noreg har også tilgang til å fiske 1672 tonn i Færøyane si fiskerisone. Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar. Krav om sorteringsrist i fisket etter kolmule gjeld framleis i 2011. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette kravet for fartøy som ikkje har høve til å nytte rist og kan dokumentere at konsumfisk vert tatt vare på. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter kolmule i 2011

Regulering av fisket etter augepål i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter augepål i 2011. I tråd med den vitskaplege tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vert det førebels ikkje opna for eit direkte fiske etter augepål i 2011. Augepålbestanden hadde svært låg rekruttering i 2010 og ICES tilrår derfor ikkje fiske. Det kjem eit oppdatert råd i første halvår 2011, og ei eventuell opning for eit augepålfiske vil verte vurdert på grunnlag av dette. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter augepål i 2011

Bilag 6 – Blåmuslinger i Limfjorden

Blåmuslinger i Limfjorden Med virkning fra mandag den 20. december 2010, åbnes der for fiskeri af blåmuslinger på Limfjorden til fersk konsum, for fartøjer, hvis ejere har tilladelse til fiskeri af blåmuslinger til fersk konsum på Limfjorden licensliste nr. 57. Fiskeriet åbnes for op til 4 fartøjer, med en ugeration på 45 tons blåmuslinger pr. hele FTA-andel. Fiskeriet må kun udøves i de områder og på de vilkår, der fremgår af tilladelsen. Denne meddelelse er udsendt efter reglerne i Fødevareministeriets bekendtgørelse nr. 1443 af 15. december 2009, § 2, jf. bilag 6 og træder i kraft den 20. december 2010

Fortsæt med at læseBilag 6 – Blåmuslinger i Limfjorden