Regulering av seifisket i sør i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2011. Norske fartøy kan i 2011 fiske 48 596 tonn sei, noko som er ein nedgang på 4196 tonn frå 2010. Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 5689 tonn. Av gruppekvoten til pelagisk trål og nordsjøtrål er det sett av 1500 tonn for å dekkje bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 21 788 tonn, medan seitrålarane kan fiske 5671 tonn sei i 2011. Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1400 tonn av gruppekvoten. Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 980 tonn og ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 700 tonn. Seitrålarane har ein maksimalkvote på 700 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1,0. Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska 400 tonn sei eller meir i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2011. Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve som har fiska mindre enn 400 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 200 tonn i 2010. Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får ein maksimalkvote på 200 tonn i 2011. Fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve som har fiska meir enn 325 tonn sei i eitt av åra 2006, 2007 eller 2008 kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2011. Maksimalkvotane skal også dekkje bifangst av sei i fartøya sitt pelagiske trålfiske. Kontaktpersonar: Johán H. Williams 22 24 64 40 Sverre Johansen 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av seifisket i sør i 2011

Regulering av fisket etter makrell i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om fisket etter makrell i 2011. Det er vedteke nytt reguleringsopplegg i kystfartøygruppa sitt fiske, med ei samanslåing av reiskapsgruppene og eit felles gruppeskilje på 11 meter. - Den nye reguleringa inneber ei forenkling, og gir større fridom for aktørane i gruppa, slik at dei enklare kan tilpasse si eiga drift til kvotegrunnlaget, seier statssekretær Vidar Ulriksen. Forvaltninga av makrellbestanden i 2011 skjer i høve til den bilaterale avtalen med EU, etter at det ikkje lukkast å få Island og Færøyane med på ein heilskapleg kyststatsavtale som omfattar alt fiske på bestanden. Kvotane som Noreg og EU har fastsett byggjer på historisk fordeling til kyststatane, og er i tråd med forvaltingsplanen som er etablert og tilrådd av Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Den norske totalkvoten er avtalt til 182 827 tonn etter avsetjing i samsvar med nabolandsavtalen med Sverige. Av dette vert det sett av 3150 tonn til forskings- og undervisningsføremål og 1100 tonn til agn, slik at kvoten til fordeling vert på 178 577 tonn. Med kvotefleksibilitetsordninga vert ufiska kvantum i 2010 overført til 2011 på fartøynivå i ringnot- og trålgruppa, og på gruppenivå i kystfartøygruppa. Reguleringsopplegget i ringnot- og trålgruppa vert ført vidare i 2011. Gruppekvoten vert 138 297 tonn for ringnotfartøy, med 126 818 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 11 479 tonn til ringnotfartøy utan konsesjon (SUK). For trålfartøy vert gruppekvoten 7143 tonn. For kystfartøygruppa vert kvoten 36 870 tonn, inkludert ufiska kvantum frå 2010, og avsetjing til open gruppe og ikkje-mantalsførte fiskarar som fiskar med landnot. Reguleringa av kystfartøygruppa vert endra i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet hadde i 2009 denne saka på høyring, etter at reguleringa i kystfartøygruppa over tid hadde utvikla seg til å bli samansett og detaljert, mellom anna som ein følgje av lukking for einskilde storleiksgrupper. Utbreiinga til makrellen varierer, og deltakinga i kystfartøygruppa har derfor vore lite føreseieleg. Dette har ført med seg eit stort behov for å kunne endre reguleringa i løpet av kvoteåret. Samstundes har reguleringa frå tid til anna ført til misnøye i delar av gruppa, og det har ein forsøkt å kompensere ved å endre på detaljane i opplegget. Slike endringar har i neste omgang ofte sideverknader som heller ikkje er ønskjelege. Ei rekkje av høyringssvara gav uttrykk for eit ønskje om ei forenkling som gjer reguleringa meir forståeleg og som gir meir fridom for næringa til å tilpasse eiga drift. I det nye opplegget vert notgruppa og garn-/snøregruppa slått saman til ei gruppe, slik at alle fartøy fritt kan velje kva for reiskap dei bruker. Kvotefaktorane for enkeltfartøy vert ståande, men justert slik at fartøya i dei tidlegare reiskapsgruppene kjem ut med tilnærma same grunnkvote som om dei vart regulert i høve til same reguleringsopplegg som gjeld i 2010. Kystfartøygruppa vert regulert med eit felles gruppeskilje på 11 meter i 2011. Dette inneber ei harmonisering med reguleringa av torskefisket. Det vert innført tre grupper for overregulering. Fartøy med både heimelslengd og faktisk lengd under 11 meter har størst overregulering frå starten av året. Fartøy med heimelslengd under 11 meter, men med faktisk lengd på eller over 11 meter, vert regulerte med halvparten så mykje overregulering. Fartøy med heimelslengd på eller over 11 meter vert ikkje overregulerte frå starten av året. Dato for endring eller oppheving av kvotane er 25. august 2011 for fartøy med heimelslengd under 11 meter og 16. september for fartøy med heimelslengd på eller over 11 meter. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter makrell i 2011

Regulering av fisket etter pigghå, håbrann og brugde i 2011

  • Post category:Nyheder

- Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om forbod mot fiske og fangst av pigghå, håbrann og brugde i 2011. Forbodet gjeld også fritidsfiske. - Den svært alvorlege situasjonen for bestanden gjer dessverre at unntaket frå forbodet mot fiske etter pigghå ikkje kan førast vidare, seier statssekretær Vidar Ulriksen. - Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har vore svært klar i rådgjevinga – situasjonen for pigghå vert ikkje betre, og det bør vere forbod mot å drive direktefiske på bestanden. Allereie for eit år sidan varsla vi om at det var naudsynt med klare innstrammingar i pigghåfisket. Fisket vart avgrensa til å gjelde fartøy under 15 meter i 2010, som ledd i ei slik nedtrapping. Vi har ikkje fått signal om betring i situasjonen som gjer det forsvarleg å halde fram med eit slikt unntak, seier Ulriksen vidare. Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har i fleire år hatt eit forbod mot fiske etter pigghå i internasjonalt farvatn. I 2011 vil dette forbodet også gjelde brugde og håbrann. Det ligg ei klar forventning om at medlemslanda følgjer opp med samsvarande reguleringar i eigne soner. - I den norske raudlista 2010 er pigghå ein av artane som er lista som kritisk trua i norsk område, og denne vurderinga er godt forankra i havforskingsmiljøa. Brugde er på den norske raudlista vurdert som sterkt trua og håbrand er vurdert som sårbar. Forvaltning av haiartar har stor merksemd internasjonalt, og det er viktig at også Noreg følgjer opp med sterke nok tiltak når det er heilt naudsynt for at bestanden skal få ein sjanse til å kunne ta seg opp att, avsluttar Vidar Ulriksen. For å følge utviklinga av bestanden arbeider Fiskeridirektoratet med eit opplegg for overvakingsfiske etter pigghå, med deltaking frå næringa. Dette vil bli kunngjort på nyåret. Nytt i 2011 er også at landingspåbodet for brugde og håbrann vert oppheva, for å sikre rapportering av all fangst. Departementet legg opp til ein streng rapporteringspraksis for haiartar, slik at bifangstatistikken vert så korrekt som mogleg. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter pigghå, håbrann og brugde i 2011

Regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2011. Den norske totalkvoten av nordsjøsild er på 62 001 tonn. Av dette skal 56 287 tonn fiskast i Nordsjøen og 4001 tonn i Skagerrak. Det er avsett eit kvantum på 1220 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 1713 tonn til tredjeland. Den norske kvoten er fordelt med 4135 tonn til trålgruppa, 7000 tonn til kystfartøygruppa og 47 933 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin del går 45 057 tonn til fartøy med ringnotløyve og 2876 tonn til SUK-gruppa. Det vert opna for eit direktefiske for trålgruppa, og det vert avsett 2000 tonn sild til å dekkje innblanding av sild i trålfangstane. Dersom bifangst av sild vert mindre enn 2000 tonn, kan Fiskeridirektoratet etter 1. desember 2011 opne for eit utvida direktefiske etter sild på det resterande kvantumet. Det vert avsett 150 tonn til fartøy i open gruppe i kystgruppa, med maksimalkvotar på 10 tonn. Kvotestigen for fartøy i lukka gruppe går frå 8,5 tonn med garantert kvantum på 5,7 tonn for fartøy under sju meter til 136 tonn med garantert kvantum på 91,2 tonn for fartøy mellom 21 meter og 21,35 meter. Det vert innført påmelding og loddtrekning for ringnotgruppa sitt fiske i Skagerrak. Påmeldingsfrist for dei som ønskjer å delta er måndag 3. januar 2011 kl. 1200. Påmeldinga skal sendast til Norges Sildesalgslag. Den særskilte turkvoteordninga for SUK-gruppa og kystgruppa vert oppheva. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter sild sør for 62°N i 2011

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011. Den norske totalkvoten av norsk vårgytande sild minkar frå 904 630 tonn i 2010 til 602 680 tonn i 2011. Av den norske totalkvoten er det avsett eit kvantum på 3000 tonn sild til forsking- og undervisningskvotar og 900 tonn sild til agnkvotar før fordeling på fartøygruppene. For dei 15 000 tonna sild som blir overførd til Russland får ringnot- og trålgruppa tilbake 48 000 tonn lodde. Kvotebytet vil såleis ikkje gjelde kystgruppa. Det er sett av 2000 tonn av kystflåten sin gruppekvote til fartøy som deltek i open gruppe før fordeling til fartøy i lukka gruppe. Fartøy i ringnotgruppa, trålgruppa og kystgruppa får ein maksimalkvote med eit garantert kvantum i 2011. Den norske kvoten er fordelt med 289 814 tonn til ringnotgruppa, 57 446 tonn til trålgruppa og 234 937 tonn til kystgruppa. Kystgruppa vil få fråtrekk på gruppekvoten for det kvantum som er overfiska i 2010 etter ordninga med kvotefleksibilitet. Kystgruppa vert delt inn i to lengdegrupper; fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over. Gruppekvotane blir fastsette ut frå mengda kvotefaktorar tilhøyrande fartøy med heimelslengde under 15 meter, og fartøy med heimelslengde på 15 meter og over. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter norsk vårgytande sild i 2011

Regulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2011

  • Post category:Nyheder

Gjeldande regelverk for både breiflabb- og kveitefisket vert vidareførte. Det er forbode å fiske med garn etter breiflabb nord for 64I0;N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62 og 64I0;N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai. Det også forbode å fiske etter kveite med annan reiskap enn krok nord for 62I0;N i perioden frå og med 20. desember til og med 31. mars. Reglane i utøvingsforskrifta om maskestørrelse i breiflabbgarn, og om maskestørrelse og trådtype i kveitegarn, vert vidareførte. Tilsvarande vert kravet om at breiflabbgarn skal røktast minst kvar tredje dag vidareført. Det er forbode å drive direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad. Maksimal bifangst av breiflabb tillete i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad er 20 %. For fiske med reketrål er det tillete å ha maksimalt 10 % bifangst av breiflabb, og ved fiske med annan småmaska trål kan fartøyet ha inntil 0,5 % innblanding av breiflabb (i vekt i dei enkelte fangstar og ved landing) – avgrensa til maksimalt 500 kg per tur. For breiflabb er det behov for ei betre oversikt over bestandsstruktur og haustingsmønster. Bestanden ser mellom anna ut til å ha fått ei meir nordleg utbreiing dei siste åra. Departementet vil derfor i 2011 innhente ei oversikt over kunnskapsstatus for breiflabb, og vurdere om det er behov for å styrkje kunnskapsgrunnlaget. Dette arbeidet vil gi eit betre grunnlag for å vurdere ulike reguleringstiltak, mellom anna om gjeldande reglar om bifangst av breiflabb bør endrast. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter breiflabb og kveite i 2011

Kvote for fangst av vågekval i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr for vågekval-fangsten i 2011. Kvoten er den same som for 2010. Det vil i 2011 vere fri fangst i alle fangstområda, bortsett frå i havområda ved Svalbard, der delkvoten er sett til 65 dyr. Kvoten er innanfor eit intervall som forskarane i vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) legg til grunn skal gi fullgod sikkerheit for berekraftig fangst av vågekvalbestanden. Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99

Fortsæt med at læseKvote for fangst av vågekval i 2011

Regulering av fisket etter reker i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i 2011. Den norske totalkvoten av reker er sett til 7452 tonn, med 3570 tonn i Nordsjøen og 3882 tonn i Skagerrak. Dette er ein reduksjon på 15 % frå 2010. Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførte i 2011. Eit unntak er at maksimalkvotane vert reduserte med 15 % som følgje av lågare norsk kvote enn i 2010. Den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40 % av den samla kvoten fiskast. I dei neste to periodane, frå 1. mai til 31. august og 1. september til 31. desember, kan 30 % av den samla kvoten fiskast i kvar av periodane. Maksimalkvoten for dei enkelte fartøya er sett til 40 tonn i første periode og 30 tonn i kvar av dei to neste periodane. Vidare vert turkvoteordninga på 6 tonn per tur oppheva. Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram å fiske innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska. Helgedagsfredinga vert vidareført som i 2010. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter reker i 2011

Regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011. Den norske totalkvoten er på 5111 tonn torsk i Nordsjøen og 139 tonn i Skagerrak. Kvoten er i tråd med den vedtekne forvaltningsplanen. Bestandssituasjonen er framleis vanskeleg for torsk i Nordsjøen og det er også i 2011 nødvendig å vidareføre ei streng regulering av dette fisket. Dette medfører at eit direkte fiske etter torsk berre er tillete for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Alt trålfiske vert framleis regulert med bifangstreglar. Bifangstavsetjinga til trålarane er fastsett til 1500 tonn. Reguleringa medfører at fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar kan drive eit direktefiske etter torsk innanfor ein gruppekvote på 2804 tonn i 2011. Det er fastsett maksimalkvotar for torskefisket med konvensjonelle reiskapar i Nordsjøen i 2011. Fartøy som har løyve til å delta i lukka gruppe og som er under 15 meter kan fiske inntil 50 tonn, fartøy mellom 15 og 21 meter kan fiske inntil 100 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 200 tonn. Differensierte garanterte kvotar vert sett til høvesvis 5, 10 og 20 tonn. I open gruppe fartøy under 10 meter fiske inntil 5 tonn, fartøy mellom 10 og 21 meter kan fiske inntil 10 tonn og fartøy over 21 meter kan fiske inntil 15 tonn. Garanterte kvotar vert sett til 4 tonn for alle gruppene. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2011

Regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011

  • Post category:Nyheder

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011. I samsvar med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES) vart totalkvoten for lodde i Barentshavet i 2011 tidlegare i haust fastsett til 380 000 tonn. Etter overføring av 48 000 tonn lodde frå den russiske kvoten, i byte mot norsk vårgytande sild, er den norske kvoten på totalt 275 000 tonn. Den opphavlege norske kvoten er som tidlegare fordelt med 72 % til fartøya i ringnotgruppa, 12 % til fartøya i trålgruppa og 16 % til kystfartøya, medan bytekvantumet mellom Noreg og Russland er handtert på gruppenivå for ringnot- og trålgruppa. Dette gir 199 613 tonn samla til fartøya i ringnotgruppa, 34 867 tonn til fartøya i trålgruppa og 35 520 tonn til kystfartøygruppa. Loddefisket vert opna 20. januar 2011, ettersom det då er sannsynleg at den vaksne lodda har skilt seg frå umoden lodde. Området innanfor 4 nautiske mil frå grunnlinja vert stengt for loddefiske, men vil verte opna dersom ein vurderer det som forsvarleg. Fiskeridirektoratet region Troms kan gi dispensasjon for å fiske i stengt område, mot at fartøya har inspektørar om bord som kan kontrollere mellom anna bifangst i fisket. Det gjeld ikkje lenger noka turkvoteavgrensing i loddefisket. Det vert opna for at også fartøy i trålgruppa, på same måte som andre fartøy, på visse vilkår kan overføre fangst mellom fartøy på feltet. Dette for å unngå neddreping når det vert tatt store fangstar. Elles vert fisket gjennomført med tilsvarande reguleringar som i 2010. Fartøy i trål- og kystgruppa som ønskjer å delta i loddefisket må vere skriftleg påmelde til Norges Sildesalgslag innan 13. januar 2011. Det vert ikkje innført noka påmeldingsavgift for å delta i loddefisket i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet tek likevel sikte på å etablere ei ordning for å kunne krevje påmeldingsavgift, i form av eit depositum, i fiskeri kor det vert fleire påmelde fartøy enn dei som faktisk deltar. Dette for å få ei påliteleg oversikt over kor mange som skal delta, slik at dei enkelte fartøya kan tildelast meir garanterte kvotar med låg overregulering. Ei slik ordning vil bli vurdert i løpet av 2011, med sikte på eventuell innføring frå 2012. Kontaktpersonar: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47

Fortsæt med at læseRegulering av fisket etter lodde i Barentshavet i 2011